Sion og Davids ætt
1 Ein song til festferdene.
Herre, kom David i hug
for all den møda han heldt ut!
2 Han svor Herren ein eid,
gav Jakobs Veldige ein lovnad:
3 «Eg går ikkje inn i min bustad
og legg meg ikkje på mi lege,
4 eg unner meg ikkje ¬blund på augo,
lèt ikkje augneloka kvila
5 før eg har funne ¬ein stad for Herren,
ein bustad for Jakobs Veldige.»
6 Vi høyrde om paktkista ¬i Efrata,
vi fann henne ¬på Ja’ar-markene.
7 Kom, lat oss gå ¬til Herrens bustad
og kasta oss ned ¬for hans fotskammel!
8 Reis deg, Herre, ¬og kom til den stad
der du slår deg til ro,
du og ditt veldes kiste.
9 Prestane dine ¬skal vera kledde i rettferd,
og dei som held di pakt, ¬skal jubla.
10 For David, din tenar skuld,
vis ikkje frå deg ¬den du har salva!
11 Herren har svore David ¬ein eid,
eit påliteleg ord, ¬som han ikkje går frå:
«Menn av di ætt
vil eg setja på din kongsstol.
12 Dersom sønene dine ¬held mi pakt
og den lov eg vil læra dei,
så skal deira søner òg
for alltid sitja ¬på din kongsstol.»
13 For Herren har valt ut Sion,
som han vil ha til bustad:
14 «Dette skal vera ¬min kvilestad for alltid,
her vil eg bu, ¬det er mitt ynske.
15 Maten på Sion vil eg velsigna,
og dei fattige vil eg metta ¬med brød.
16 Sions prestar kler eg ¬med frelse,
og dei trugne skal ropa ¬av fagnad.
17 Der lèt eg Davids-ætta få makt,
eg steller til ei lampe ¬for den eg har salva.
18 Hans fiendar vil eg kle ¬med skam
men på hans hovud ¬skal krona stråla.»