Salmane 131

Audmjuk tillit til Herren

1 Ein song til festferdene. Av David.

Herre, hjarta mitt ¬er ikkje hovmodig,

augo mine er ikkje stolte.

Eg gjev meg ikkje av med slikt

som er for stort ¬og underfullt for meg.

2 Nei, eg har fått mi sjel

til å vera still og roleg,

som eit lite barn hjå mor si,

når det har stilt sin torste.

Så er mi sjel i meg.

3 Venta på Herren, Israel,

frå no og til evig tid!