Salmane 130

Frå djupet ropar eg til deg

1 Ein song til festferdene.

Frå djupet ropar eg til deg, ¬Herre.

2 Herre, høyr mi røyst!

Vend øyra til og høyr

når eg tryglar og bed.

3 Dersom du vil gøyma ¬på syndeskuld, Herre,

kven kan då verta ståande?

4 Men hjå deg er tilgjeving;

difor må vi ottast deg.

5 Eg ventar, ja vonar på Herren,

eg ventar på hans ord.

6 Eg stundar etter Herren

meir enn vaktmenn ¬etter morgonen,

vaktmenn etter morgonen.

7 Venta på Herren, Israel!

For hjå Herren er miskunn,

hjå han er full utløysing.

8 Herren skal løysa ut Israel

frå alle deira synder.