Hardt har dei stridt imot meg
1 Ein song til festferdene.
Hardt har dei stridt imot meg ¬heilt frå min ungdom
– så skal Israel seia.
2 Hardt har dei stridt imot meg ¬heilt frå min ungdom,
men dei har ikkje vunne ¬over meg.
3 På ryggen min ¬har plogmenn pløgt
og drege lange fòrer.
4 Men Herren er rettferdig,
reipa åt dei gudlause ¬har han hogge av.
5 Gjev alle som hatar Sion,
må dra seg tilbake med skam!
6 Dei skal verta lik gras på taket,
som visnar før ein får teke det.
7 Den som skjer det, ¬får ikkje handa full;
den som samlar, ¬får ikkje eit fang.
8 Ingen som fer framom, ¬skal seia:
«Herren signe dykk!»
Vi velsignar dykk ¬i Herrens namn.