Guds velsigning i heimen
1 Ein song til festferdene.
Sæl er kvar den ¬som ottast Herren
og ferdast på hans vegar.
2 Du får nyta frukta av ditt strev.
Sæl er du, det skal gå deg vel.
3 Kona di er ¬som eit grøderikt vintre
der inne i ditt hus,
og dine søner kring ditt bord
er som unge oliventre.
4 Ja, såleis vert han velsigna,
den mann som ottast Herren.
5 Herren velsigne deg frå Sion,
så du får sjå Jerusalems lukke
alle dine levedagar,
6 og får sjå born av dine born.
Fred vere over Israel!