Salmane 127

Alt er fåfengt utan Gud

1 Ein song til festferdene. Av Salomo.

Dersom Herren ikkje ¬byggjer huset,

arbeider bygningsmennene ¬til fånyttes.

Dersom Herren ikkje ¬vaktar byen,

vaker vaktmannen til fånyttes.

2 Fåfengt står de tidleg opp,

fåfengt går de seint til bords

og et det brødet ¬de har slite for.

Det same gjev han sine vener ¬medan dei søv.

3 Sjå, born er ei gåve frå Herren,

livsfrukt er ei løn frå han.

4 Som piler i ei krigarhand

er søner ein får i sin ungdom.

5 Sæl er den mann

som fyller pilehuset sitt ¬med dei.

Han treng ikkje skjemmast

når han talar mot fiendar ¬på tinget.