Herren vender gråt til glede
1 Ein song til festferdene.
Då Herren vende Sions lagnad,
var det for oss som ein draum.
2 Då fyltest vår munn med lått,
vår tunge med fagnadrop.
Då sa dei mellom folka:
«Store ting ¬har Herren gjort mot desse.»
3 Ja, store ting ¬har Herren gjort mot oss,
og vi vart glade.
4 Vend vår lagnad, Herre,
som bekkene i Negev!
5 Dei som sår med tårer,
skal hausta med glederop.
6 Gråtande går dei ¬og sår sitt korn,
med fagnadrop skal dei koma ¬og bera sine kornband.