Herren vernar om sitt folk
1 Ein song til festferdene.
Dei som set si lit til Herren,
er som Sion-fjellet;
det skal aldri rikkast, ¬men stå til evig tid.
2 Liksom fjella ¬ligg vernande om Jerusalem,
såleis vernar Herren ¬om sitt folk
frå no og til evig tid.
3 Nidings kongsstav ¬skal ikkje kvila
på landet ¬som dei rettferdige fekk,
så ingen rettferdig ¬skal retta ut handa
og gjera det som vondt er.
4 Herre, gjer godt mot dei gode,
mot dei som har ¬ein ærleg hug.
5 Men Herren sender frå seg
dei som slår inn på krokvegar,
og dei som fer med vondskap.
Fred vere over Israel!