Salmane 124

Vi får hjelp frå Herren

1 Ein song til festferdene. Av David.

Hadde ikkje Herren ¬vore med oss

– så skal Israel seia –

2 hadde ikkje Herren vore med

då menneske reiste seg ¬mot oss,

3 så hadde dei slukt oss levande

då deira vreide loga imot oss;

4 då hadde vatnet rive oss bort

og flaumen skylt over oss,

5 då hadde dei veldige ¬vassmengdene

kome veltande over oss.

6 Lova vere Herren,

som ikkje gav oss til rov ¬for deira tenner!

7 Vi slapp fri som fuglen

or fuglefangarens snare.

Snara rivna, og vi slapp fri.

8 Vi har vår hjelp ¬i Herrens namn,

Han som skapte himmel og jord.