Salmane 123

Eg lyfter mine augo til deg

1 Ein song til festferdene.

Eg lyfter mine augo til deg,

du som tronar i himmelen,

2 liksom trælen fylgjer

handa åt herren sin med augo.

Liksom trælkvinna fylgjer

handa åt husfrua med augo,

så vender vi augo ¬mot Herren vår Gud,

til dess han viser oss nåde.

3 Ver oss nådig, Herre, ¬ver oss nådig!

For vi har fått meir enn nok ¬av spott.

4 Vi er mette av spott ¬frå sjølvtrygge folk,

og av vanvørdnad ¬frå dei hovmodige.