Salmane 122

Bed om fred for Jerusalem!

1 Ein song til festferdene. Av David.

Eg er glad når dei seier til meg:

«Vi vil gå til Herrens hus.»

2 No har vi sett våre føter

i dine portar, Jerusalem.

3 Jerusalem, du velbygde by,

som ligg der samla ¬og samanbunden!

4 Dit fer ættene opp,

ættene som høyrer Herren til.

Det er ei lov for Israel

at dei skal prisa ¬Herrens namn der.

5 Ja, der er domarsete reiste,

troner for Davids hus.

6 Bed om fred for Jerusalem!

Gjev dei som elskar deg, ¬må leva trygt!

7 Gjev fred får råda ¬bak dine murar

og tryggleik i dine borger!

8 For mine brør og frendar skuld

seier eg: «Fred over deg!»

9 Fordi Herren vår Gud ¬har sitt hus i deg,

bed eg at det må gå deg vel.