Salmane 121

Herren er din vaktar

1 Ein song til festferdene.

Eg lyfter mine augo til fjella:

Kvar kjem mi hjelp ifrå?

2 Mi hjelp kjem frå Herren,

han som skapte himmel ¬og jord.

3 Han lèt ikkje foten din ¬vera ustø,

din vaktar blundar ikkje.

4 Nei, han blundar ikkje ¬og søv ikkje,

Israels vaktar.

5 Herren er din vaktar, ¬Herren er din skugge,

han er ved di høgre hand.

6 Sola skal ikkje stikka deg ¬om dagen

og månen ikkje skada deg ¬om natta.

7 Herren skal vara deg ¬frå alt vondt

og verna om ditt liv.

8 Herren skal vara ¬din utgang og din inngang

frå no og til evig tid.