Salmane 104

Guds visdom i skaparverket

1 Lov Herren, mi sjel!

Stor er du, Herre, min Gud!

I høgd og herlegdom ¬har du kledt deg,

2 ljoset er kappa du sveiper ¬deg i.

Du har spent himmelen ut ¬som ein teltduk

3 og tømra din høgsal i vatnet.

Du gjer skyer til di vogn

og fer fram ¬på vengene åt vinden.

4 Vindar gjer du til sendebod,

eld og logar til dine tenarar.

5 Du grunnla jorda ¬på hennar søyler,

aldri i æve skal ho rikkast.

6 Havdjupet gøymde henne ¬som ei kappe,

vatnet stod over fjella.

7 Men det flydde ¬for ditt trugsmål,

laut røma for ditt toremål.

8 Det steig over fjell ¬og seig ned i dalar,

til staden du hadde fastsett ¬for det.

9 Du sette ei grense ¬det ikkje går over,

det skal ikkje gøyma ¬jorda meir.

10 Du lèt kjelder strøyma fram ¬i dalane,

bekker renn mellom fjella.

11 Dei gjev vatn ¬til alle villdyr på marka,

der sløkkjer villesla sin torste.

12 Der har fuglane ¬under himmelen reir,

dei syng mellom greinene.

13 Du vatnar fjella frå din høgsal,

og jorda fyllest ¬med grøda du gjev.

14 Gras lèt du gro for dyra,

og for menneska vokstrar ¬som dei kan dyrka.

Slik lèt du brødet koma ¬frå jorda

15 – og vinen som gjer ¬menneske glade.

Du lèt andletet skina av olje,

og gjev brød ¬som styrkjer mennesket.

16 Herrens tre får sløkkja torsten,

sedrane på Libanon, ¬som han har planta.

17 I dei byggjer fuglane reir,

i sypressen har storken ¬sitt hus.

18 I dei høgaste fjell ¬har steinbukken sin heim,

i bergskortene ¬finn grevlingen livd.

19 Du skapte månen ¬til tidarmerke,

og sola, ¬som veit når ho skal glada.

20 Du sender mørker, ¬og natta kjem;

då krek dei fram, ¬alle dyr i skogen.

21 Unge løver brøler etter rov

og krev at Gud skal gje ¬dei føde.

22 Så renn sola, dei smyg seg bort

og legg seg til ro i sine holer.

23 Då går mennesket ¬til si gjerning,

vil gjera sitt arbeid ¬alt til kvelds.

24 Herre, kor mange ¬dine gjerningar er!

Og alle har du gjort dei ¬med visdom;

jorda er full av det du ¬har skapt.

25 Der er havet, så stort og vidt,

med ei uteljande mengd

av små og store dyr.

26 Der går skipa, der er Leviatan,

som du har skapt ¬til å leika seg i havet.

27 Alle ventar dei på deg,

at du skal gje dei mat i rette tid.

28 Du strøyer ut, ¬og dei kan sanka;

du opnar handa

og mettar dei med gode gåver.

29 Løyner du ditt andlet, ¬vert dei gripne av redsle;

tek du livsanden frå dei, ¬døyr dei

og vert atter til jord.

30 Du sender din Ande, ¬og liv vert skapt,

heile jordflata nyar du opp att.

31 Gjev Herrens ære må vara evig,

og Herren gleda seg ¬over sitt verk!

32 Når han ser på jorda, skjelv ho;

når han rører fjella, ryk dei.

33 Eg vil syngja for Herren ¬heile mitt liv

og prisa min Gud ¬så lenge eg er til.

34 Gjev Herren ¬må ta vel imot mitt kvad,

så eg kan gleda meg i han.

35 Lat syndarane kverva frå jorda,

lat ingen gudlaus finnast meir!

Lov Herren, mi sjel! Halleluja!