Herren vil byggja opp att Sion
1 Bøn til bruk for ein lidande, når han er kraftlaus og klagar si naud for Herren.
2 Herre, høyr mi bøn,
lat mitt rop nå fram til deg!
3 Løyn ikkje ditt andlet for meg
den dagen eg er i naud.
Vend øyra ditt til meg,
skund deg og svar ¬når eg ropar!
4 For mine dagar kverv ¬som røyk,
mine lemer brenn som eld.
5 Mitt hjarta er slege ¬og visna som gras,
for eg har gløymt ¬å eta mitt brød.
6 Eg sukkar og styn,
eg er berre skinn og bein.
7 Eg liknar pelikanen ¬i øydemarka,
er vorten som ugla ¬på aude stader.
8 Eg ligg vaken,
eg er som ein einsleg fugl ¬på taket.
9 Mine fiendar spottar meg ¬heile dagen,
dei som gjer narr av meg,
brukar mitt namn ¬til forbanning.
10 Eg må eta oske som brød,
eg blandar min drikk ¬med tårer,
11 fordi du er harm ¬og vreid på meg;
du har då gripe meg ¬og slengt meg bort.
12 Dagen min hallar, ¬og skuggen lengjest,
eg visnar bort som gras.
13 Men du, Herre, ¬tronar til evig tid,
ditt minne varer frå ætt til ætt.
14 Du vil reisa deg ¬og miskunna Sion,
for no er timen komen,
tida då du vil visa nåde.
15 Dine tenarar elskar ¬steinane på Sion
og ynkast ¬over grushaugane der.
16 Folkeslag skal ottast ditt namn, ¬Herre,
alle kongane på jorda ¬din herlegdom.
17 For Herren vil byggja opp att ¬Sion
og syna seg i sin herlegdom.
18 Han lyder etter ¬når armingar bed,
og vanvørder ikkje deira bøn.
19 Dette er skrive ¬for komande ætter,
eit nyskapt folk ¬skal prisa Herren.
20 For Herren ser ned ¬frå sin heilage høgsal,
frå himmelen ¬skodar han ned på jorda.
21 Han vil høyra ¬når fangane sukkar,
og løysa dei ¬som er vigde til døden.
22 Så skal Herrens namn ¬forkynnast på Sion,
hans lov og pris i Jerusalem,
23 når folkeslag og kongerike
samlar seg og tener Herren.
24 Han har brote mi kraft ¬på vegen
og sett ned mitt dagetal.
25 Eg bed: Min Gud, ¬ta meg ikkje bort
midt i mi levetid!
Frå ætt til ætt er dine år.
26 Du grunnla jorda i gamal tid,
og himmelen ¬er eit verk av dine hender.
27 Dei skal gå til grunne, ¬men du vert verande.
Dei skal alle eldast ¬som ein klednad;
du skifter dei ut ¬som klede.
Dei vert utskifte,
28 men du er den same,
dine år tek aldri ende.
29 Borna åt dine tenarar ¬får bu i fred,
deira ætt skal stå trygt ¬for ditt åsyn.