Salmane 101

Truskap og rett

1 Av David. Ein salme.

Eg vil syngja om truskap ¬og rett,

deg vil eg lovsyngja, Herre.

2 Eg vil gje akt ¬på den fullkomne vegen.

Når vil du koma til meg?

Med ærleg hjarta

vil eg ferdast i mitt hus.

3 På nidingsverk ¬vil eg ikkje tenkja.

Eg hatar å bryta lova,

slikt skal ikkje hefta ved meg.

4 Alt som er falskt,

skal bort frå mitt hjarta!

Eg vil ikkje vita av det vonde.

5 Den som baktalar sin neste,

han vil eg tyna.

Eg kan ikkje tola

den som har stolte augo

og eit hovmodig hjarta.

6 Eg ser på dei trufaste i landet,

dei skal få bu hjå meg.

Den som går ¬den fullkomne vegen,

han skal tena meg.

7 Men den som fer med svik,

skal ikkje få bu i mitt hus.

Ingen som talar lygn,

skal verta ståande ¬for mine augo.

8 Morgon etter morgon ¬gjer eg ende på

alle gudlause i landet,

og alle ugjerningsmenner

rydjar eg ut or Herrens by.