Bryt ut i jubel og lovsong!
1 Ein salme.
Syng ein ny song for Herren,
for han har gjort under!
Hans høgre hand ¬har gjeve han siger,
hans heilage arm ¬har hjelpt han.
2 Herren har gjort si frelse kjend,
har vist si rettferd for folkeslag.
3 Han kjem i hug si miskunn
og sin truskap mot Israels ætt.
Alle folk på jord har sett
frelsa frå vår Gud.
4 Lat hyllingsrop lyda ¬for Herren, all jorda!
Bryt ut i jubel og lovsong!
5 Syng og spel på lyre ¬for Herren,
spel på lyre, ¬medan songen ljomar!
6 Lat hyllingsrop lyda ¬for kongen, Herren,
til klangen av trompetar ¬og horn!
7 Havet og alt som er i det, ¬skal brusa,
jorda og dei som der bur.
8 Elvane skal klappa i hendene,
og fjella skal jubla i kor.
9 Dei skal jubla for Herren,
for han kjem ¬og vil døma jorda.
Han skal døma verda ¬med rettferd
og folka med rettvise.