Høyr på Herren i dag!
1 Kom, lat oss jubla for Herren
og ropa høgt ¬for vårt frelsande berg!
2 Lat oss gå fram for han ¬med lovsong
og hylla han med song og spel!
3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
4 Han har jord-djupnene ¬i si hand
og fjelltoppane i si eige.
5 Havet er hans, ¬for han har skapt det,
det faste landet ¬har hans hender forma.
6 Kom, lat oss bøya oss og tilbe,
bøya kne for Herren, ¬vår skapar!
7 For han er vår Gud, ¬vi er folket han gjæter,
den hjord han leier ¬med si hand.
Å, ville de høyra på han i dag!
8 Gjer ikkje hjarto dykkar harde, ¬som ved Meriba,
som den dagen ved Massa ¬i øydemarka,
9 då fedrane eggja meg
og sette meg på prøve,
endå dei såg kva eg gjorde!
10 I førti år hadde eg uvilje ¬mot denne ætta,
og eg sa om dei:
«Dei er eit folk ¬som fer vilt i sitt hjarta,
dei kjenner ikkje mine vegar.»
11 Så svor eg i min vreide:
«Dei skal aldri ¬koma inn til mi kvile!»