Herrens kongsstol står fast
1 Herren er konge, ¬han har kledt seg i høgd,
Herren har kledt seg ¬og butt seg med kraft.
Jorda står fast, ¬ho kan ikkje rikkast.
2 Fast står din kongsstol ¬frå gamal tid;
du er frå æve, Gud.
3 Frå straumane steig det, Herre,
frå straumane steig det ¬eit drøn;
det steig eit brus ¬frå straumane.
4 Men herlegare ¬enn den veldige vassflaum,
herlegare ¬enn havsens brotsjøar,
er Herren i det høge.
5 Dine lovbod er pålitelege.
Heilagdom skal pryda ditt hus
i lange tider, Herre.