Det er godt å lovsyngja Herren
1 Ein salme. Ein song til bruk
på sabbatsdagen.
2 Det er godt å lovsyngja Herren
og prisa ditt namn, du Høgste,
3 å forkynna di miskunn ¬om morgonen,
din truskap om nettene,
4 til tistrengja sitar og harpe,
til tonar frå lyra.
5 Med ditt verk har du gledt meg, ¬Herre;
eg jublar over det du har gjort.
6 Kor store dine gjerningar er,
kor djupe dine tankar, Herre!
7 Ein uvitug mann ¬forstår ikkje dette,
dåren skjønar det ikkje.
8 Dei gudlause gror som graset,
alle ugjerningsmenner blømer,
men dei skal rydjast ut ¬for alltid.
9 Du, Herre, er høg til evig tid.
10 Men dine fiendar, Herre,
dei skal gå til grunne,
og alle ugjerningsmenner ¬skal spreiast.
11 Du gjev meg kraft ¬som ein villokse
og salvar meg ¬med den friskaste olje.
12 Eg får sjå at mine fiendar fell,
eg får høyra korleis det går
med ugjerningsmenner ¬som reiser seg mot meg.
13 Men dei rettferdige gror ¬som palmer,
dei veks som sedrar ¬på Libanon.
14 Dei er planta i Herrens hus
og blømer i vår Guds ¬tempelgardar.
15 Enno i sin alderdom ¬ber dei frukt,
friske og frodige er dei.
16 Såleis forkynner dei ¬at Herren er rettvis;
hjå han, mitt berg, ¬er det ingen urett.