Salmane 91

Under Guds vern

1 Den som sit i livd ¬hjå Den Høgste

og bur i skuggen ¬av Den Allmektige,

2 han seier til Herren: ¬«Mi livd og borg,

min Gud som eg set mi lit til!»

3 Ja, han bergar deg ¬frå jegerens snare,

frå pest som tyner.

4 Med sine fjører løyner han deg,

under hans venger finn ¬du livd.

Hans truskap er skjold og vern.

5 Du skal ikkje reddast ¬for skræmsler om natta,

for piler som flyg om dagen,

6 for pest som snikjer seg ¬fram i mørkret,

for sott som herjar ¬middagstider.

7 Om tusen fell ved di side,

ti tusen ved di høgre hand,

så skal ikkje ulukka nå deg.

8 Du skal berre vera vitne til det

og sjå at dei gudlause får si løn.

9 For du seier: ¬«Herren er mi livd.»

Den Høgste har du gjort ¬til din bustad.

10 Inkje vondt skal koma over deg

og inga plage nå ditt telt.

11 For han skal gje ¬sine englar påbod

at dei skal verna deg ¬på alle dine vegar.

12 Dei skal bera deg på hendene,

så du ikkje støyter foten ¬på nokon stein.

13 På løve og orm skal du trakka,

ungløve og orm ¬skal du trø under fot.

14 «Eg bergar han, ¬for han held seg til meg;

eg gjev han livd, ¬for han kjenner mitt namn.

15 Når han kallar på meg, ¬svarar eg;

eg er med han i naud ¬og trengsle,

eg friar han ut og gjev han ære.

16 Eg mettar han ¬med mange dagar

og lèt han sjå mi frelse.»