Kom og sjå Guds gjerningar!
1 Til korleiaren. Ein song. Ein salme.
Lat hyllingsrop lyda for Gud, ¬all jorda,
2 og syng om hans ¬herlege namn!
Lovsyng Guds herlegdom
3 og sei til han:
«Kor agelege ¬dine gjerningar er!»
Di makt er så stor
at dine fiendar kryp for deg.
4 Heile jorda skal bøya seg ¬og tilbe deg,
dei skal spela for deg ¬og prisa ditt namn.Sela
5 Kom og sjå Guds gjerningar!
Ageleg er han
når han gjer sitt verk ¬mellom menneska.
6 Han gjorde sjøen til turt land,
gjennom elva gjekk dei til fots.
Lat oss gleda oss i han!
7 Han rår med velde til evig tid
og held auga med folkeslag;
dei som vil opprør, ¬reiser seg ikkje.Sela
8 Pris vår Gud, de folkeætter,
lat lovsongen ljoma for han,
9 han som held oss i live
og ikkje lèt vår fot vera ustø.
10 For du har sett oss på prøve, ¬Gud,
og reinsa oss, ¬som dei reinsar sølv.
11 Du lét oss gå i garnet
og la ei bør på våre hofter.
12 Du lét menneske fara fram ¬over våre hovud,
vi laut gå gjennom eld og vatn.
Men du førte oss ut ¬og gav oss overflod.
13 Eg kjem med brennoffer ¬til ditt hus,
eg vil halda mine lovnader ¬til deg,
14 dei lovnader som kom ¬over mine lipper,
og som eg gav då eg var i naud.
15 Eg gjev deg gjøfe til brennoffer
og lèt røyken av verar ¬stiga opp til deg;
eg ofrar både oksar ¬og bukkar.Sela
16 Kom hit og høyr,
alle de som har age for Gud,
så skal eg fortelja
kva han har gjort mot meg.
17 Frå min munn steig ropet ¬til han,
og på mi tunge var det lovsong.
18 Hadde eg hatt urett i tankar,
ville Herren ikkje ¬ha høyrt meg.
19 Men Gud har sanneleg høyrt!
Han lydde på mitt bønerop.
20 Lova vere Gud,
som ikkje sa nei til mi bøn
og ikkje tok si miskunn ¬frå meg!