Salmane 63

Di miskunn er betre enn livet

1 Ein salme av David, då han var i Juda-øydemarka.

2 Gud, du er min Gud, ¬som eg søkjer.

Mi sjel tyrstar etter deg,

min lekam stundar etter deg

i det aude, turre ¬og vasslause landet.

3 Så skodar eg deg ¬i heilagdomen

og ser di makt ¬og din herlegdom.

4 For di miskunn ¬er betre enn livet.

Mine lipper skal syngja ¬din pris.

5 Så vil eg lova deg ¬heile mitt liv

og lyfta mine hender ¬i ditt namn.

6 Då mettast mi sjel ¬som med feite retter,

med jublande lipper ¬prisar eg deg.

7 Eg tenkjer på deg ¬når eg ligg og kviler,

og grundar på deg ¬kvar nattevakt.

8 For du har vore ¬ei hjelp for meg,

eg jublar ¬i skuggen av dine venger.

9 Mi sjel heng fast ved deg,

du held meg oppe ¬med di høgre hand.

10 Men dei som står meg ¬etter livet,

skal fara ned i jordedjupet.

11 Dei skal gjevast over ¬til sverds makt

og verta til rov for sjakalar.

12 Men kongen skal gleda seg ¬i Gud.

Alle som sver ved han, ¬skal jubla

når lygnarane vert målbundne.