Salmane 58

Gud skal døma dei vonde

1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!»

Ein miktam av David.

2 Talar de verkeleg rett,

de mektige menn?

Dømer de menneska ¬rettferdig?

3 Nei, med vilje ¬gjer de urett på jorda,

med hendene banar de ¬veg for vald.

4 Dei gudlause ¬har vendt seg bort frå Gud,

heilt frå si fødestund;

lygnarane har fare vilt

sidan dei kom frå mors liv.

5 Dei har gift i seg liksom ormen,

dei er døve som ein orm ¬når han lèt att øyra

6 og ikkje vil høyra ¬på ormetemjaren,

eller på den ¬som kan kunsten å mana.

7 Gud, slå tennene ut ¬or deira munn,

bryt tanngarden sund ¬på løvene, Herre!

8 Lat dei kverva ¬som rennande vatn!

Lat dei berre spenna bogen

– pilene er utan kraft.

9 Lat dei verta lik snigelen

som løysest opp i slim ¬der han kryp,

lik det ufullborne foster

som aldri såg sola.

10 Enno før grytene deira

kjenner varmen ¬frå klungerriset,

føykjest dei bort,

anten kjøtet er rått eller kokt.

11 Men den rettferdige ¬skal gleda seg

når han ser at han får hemn.

Han skal vaska sine føter

i blodet av dei gudlause.

12 Då skal menneska seia:

«Ja, den rettferdige får si løn.

Det er Gud ¬som dømer på jorda.»