Vis deg høg over himmelen, ¬Gud!
1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hola.
2 Ver meg nådig, Gud, ¬ver meg nådig!
For eg flyr til deg.
I skuggen av dine venger
finn eg livd til ulukka ¬er over.
3 Eg ropar til Gud, Den Høgste,
til Gud ¬som fullfører verket for meg,
4 at han må senda meg hjelp ¬frå himmelen,
setja støkk i dei ¬som vil meg til livs,Sela
og visa meg miskunn ¬og truskap.
5 Eg må liggja midt ¬imellom løver
som vil gløypa menneske.
Deira tenner er ¬som spyd og piler,
deira tunge ¬som kvasse sverdet.
6 Vis deg høg ¬over himmelen, Gud,
vis din herlegdom ¬over all jorda!
7 Dei sette garn for mine føter,
djupt bøygde dei meg ned.
Dei grov ei fallgrav for meg,
men sjølve fall dei ned ¬i henne.Sela
8 Mitt hjarta er roleg, Gud,
mitt hjarta er roleg.
Eg vil syngja og spela.
9 Vakna, mi sjel,
vakna, harpe og lyre!
Morgonroden vil eg vekkja.
10 Eg vil prisa deg ¬mellom folka, Herre,
lovsyngja deg ¬mellom folkeslag.
11 Stor er di miskunn, ¬til himmelen når ho,
til skyene rekk din truskap.
12 Vis deg høg ¬over himmelen, Gud,
vis din herlegdom ¬over all jorda!