Ver meg nådig, Gud!
1 Til korleiaren. Ein salme av David,
2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba.
3 Ver meg nådig, Gud, ¬i din truskap,
stryk ut mine brot ¬i di store miskunn!
4 Gjer meg rein og fri ¬for skuld,
og reinsa meg for mi synd!
5 For mine brot kjenner eg,
mi synd står alltid for meg.
6 Einast mot deg har eg synda,
det som er vondt i dine augo, ¬har eg gjort.
Så får du rett når du talar,
og står der rein ¬når du feller dom.
7 Ja, med skuld kom eg til verda,
med synd vart eg avla ¬i mors liv.
8 Sjå, du har hug til sanning ¬i inste hjarta,
så lær meg visdom ¬i hjartedjupet!
9 Reinsa meg for synd med isop,
vaska meg, ¬så eg vert kvitare enn snø!
10 Lat meg kjenna fryd og glede,
lat dei bein du knuste, jubla!
11 Løyn ditt åsyn ¬for mine synder,
og stryk ut all mi skuld!
12 Gud, skap i meg ¬eit reint hjarta,
gjev meg ei ny og stødig ånd!
13 Kasta meg ikkje bort ¬frå ditt åsyn,
ta ikkje frå meg ¬din Heilage Ande!
14 Lat meg atter få fryda meg ¬over di frelse,
hald meg oppe ¬med ei viljug ånd!
15 Så vil eg læra brotsmenn ¬dine vegar,
og syndarar skal venda om ¬til deg.
16 Fri meg, Gud, frå blodskuld,
– du Gud som er min frelsar!
Så skal eg jubla over di rettferd.
17 Herre, lat opp mine lipper,
så min munn kan lovprisa deg.
18 For slaktoffer ¬har du ikkje hug på;
kjem eg med brennoffer, ¬vil du ikkje ha det.
19 Nei, offer for Gud ¬er ei sundbroten ånd.
Eit sundbrote og knust hjarta,
det vanvørder du ikkje, Gud.
20 Gjer vel mot Sion i din nåde,
bygg opp att murane ¬kring Jerusalem!
21 Då skal du ha hugnad ¬i dei rette offer
– både brennoffer ¬og heiloffer,
då skal dei ofra oksar ¬på ditt altar.