Guds by
1 Ein song. Ein salme.
Av Korah-songarane.
2 Stor er Herren, ¬og høgt er han lova
i vår Guds by, ¬på hans heilage fjell.
3 Det reiser seg fagert, ¬ei glede for all jorda,
Sion-fjellet lengst i nord,
byen åt den store kongen.
4 Gud er i borgene der,
kjend som eit trygt vern.
5 Sjå, kongane slo seg saman,
i fylking drog dei fram.
6 Men då dei såg opp, ¬vart dei vitskræmde
og rømde i bråhast.
7 Der vart dei gripne ¬av skjelvande redsle,
av angst ¬som ei fødande kvinne.
8 Det var som når storm ¬frå aust
knuser Tarsis-skip.
9 Det vi før høyrde, ¬har vi no sett
i byen åt Herren, Allhærs Gud,
i vår Guds by.
Han held han oppe ¬til evig tid.Sela
10 Vi grundar på din truskap, Gud,
i ditt heilage tempel.
11 Ditt namn er kjent, Gud,
og det får lovsong
heilt til endane av jorda.
Di høgre hand ¬er full av rettferd.
12 På Sion-fjellet gleder dei seg,
og i Juda-byane jublar dei
over dine domar.
13 Gå rundt om Sion, ¬gå heilt ikring,
tel kvart tårn i byen!
14 Legg merke til festningsvollane
og gå igjennom borgene!
Fortel så til den ætt som kjem,
15 at slik er Gud, vår Gud, ¬for evig.
Han skal føra oss ut ¬over døden.