Salmane 41

Du lèt meg stå for ditt åsyn

1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2 Sæl er den som har omsut

for dei hjelpelause;

på ulukkedagen ¬friar Herren han ut.

3 Herren vernar han ¬og held han i live,

folket i landet ¬prisar han lukkeleg.

Du gjev han ikkje over ¬til grådige fiendar.

4 Herren er hans støtte ¬på sjukesenga;

du skaper om hans lege ¬når han er sjuk.

5 Eg seier: «Herre, ¬ver meg nådig;

læk meg, for eg har synda ¬mot deg!»

6 Mine fiendar talar vondt ¬imot meg:

«Når skal han døy ¬og hans namn ¬gå til grunne?»

7 Og kjem det ein og ser til meg,

talar han falske ord.

Hans hjarta samlar på det ¬som er vondt,

og så går han ut ¬og snakkar om det.

8 Alle som har lagt meg for hat,

kviskrar saman om meg,

dei legg vonde planar ¬mot meg:

9 «Noko uhyggjeleg ¬har hendt han;

no ligg han der ¬og står aldri meir opp.»

10 Jamvel venen min ¬som eg leit på,

han som åt ved mitt bord,

lyfter hælen mot meg.

11 Men, Herre, ver du meg nådig,

hjelp meg opp, ¬så eg kan gje dei att.

12 Min fiende får ikkje ¬triumfera over meg;

difor veit eg at du ¬har meg kjær.

13 Ja, du held meg oppe,

for eg er heil i mi ferd;

du lèt meg alltid ¬stå for ditt åsyn.

*

14 Lova vere Herren, Israels Gud,

frå æve til æve! ¬Amen, amen.