Salmane 39

Lær meg å kjenna ¬mine tilmælte dagar!

1 Til korleiaren. For Jedutun.

Ein Davids-salme.

2 Eg tenkte: «Eg vil ta meg i vare,

så eg ikkje syndar med tunga,

eg vil tøyma min munn

så lenge dei gudlause ser meg.»

3 Så vart eg mållaus og still,

eg tagde ¬og hadde det ikkje godt.

Mi liding var hard,

4 eg vart heit om hjarta;

eg stunde, og det brann som eld.

Då tok eg til ords og sa:

5 «Lær meg, Herre, ¬å kjenna min utgang,

mine tilmælte dagar, ¬kor få dei er,

så eg kan skjøna ¬kor forgjengeleg eg er.»

6 Sjå, dei dagar du gjev meg, er få,

mi levetid er ingen ting for deg.

Ja, alle menneske ¬er som ein pust,Sela

7 som ein skugge går dei sin veg.

Dei strevar og styn ¬til inga nytte,

dei samlar, men veit ikkje ¬kven som får det.

8 Og no, kva skal eg venta på, ¬Herre?

Einast til deg står mi von.

9 Så fri meg frå alle mine synder!

Gjer meg ikkje til spott ¬for dårar!

10 Eg teier ¬og lèt ikkje opp min munn,

for det er du ¬som har laga det så.

11 Ta bort den plaga du la på meg!

Eg går til grunne ¬når du slår med di hand.

12 Når du refser og tuktar ¬ein mann for hans synd,

då øydelegg du hans stas,

som når mòlen et opp tyet.

Ja, alle menneske ¬er som ein pust.Sela

13 Høyr mi bøn, Herre, ¬lyd på mitt rop,

og tei ikkje når eg græt!

For eg er ein gjest hjå deg,

ein framand ¬som alle mine fedrar.

14 Sjå bort ifrå meg, ¬så lyser eg opp,

før eg fer min veg ¬og ikkje er meir.