Hjå deg er livsens kjelde
1 Til korleiaren.
Av David, Herrens tenar.
2 Synda kviskrar sine ord
til den gudlause, ¬djupt i hans hjarta.
Age for Gud veit han ikkje av.
3 Når han ser på seg sjølv, ¬vert han smigra;
han finn inga synd å hata.
4 Dei ord han talar, ¬er lygn og svik.
Han har halde opp ¬med å gjera godt
og bera seg visleg åt.
5 Han ligg og tenkjer ut ¬vondskap.
Han slår inn på ein veg ¬som ikkje er god,
og viser ikkje det vonde frå seg.
6 Herre, til himmelen ¬når di miskunn,
til skyene rekk din truskap.
7 Di rettferd er som mektige fjell,
som det store havdjup ¬er dine domar.
Du bergar menneske og dyr.
8 Herre, kor dyrverdig ¬di miskunn er!
I skuggen av dine venger, Gud,
søkjer menneskeborna livd.
9 Dei får eta seg mette ¬av det beste i ditt hus,
du lèt dei drikka ¬or gledebekken din.
10 For hjå deg er livsens kjelde,
i ditt ljos ser vi ljos.
11 Lat di miskunn vara
for dei som kjenner deg,
og di rettferd ¬for dei ærlege av hjarta.
12 Lat ikkje dei stolte trø meg ned,
dei gudlause jaga meg bort!
13 Så skal ugjerningsmennene ¬falla;
dei skal støytast ned
og ikkje reisa seg meir.