Smak og sjå at Herren er god!
1 Av David, då han var hjå Abimelek og bar seg som galen, så han vart jaga bort og slapp unna.
2 Støtt vil eg prisa Herren,
stendig vil eg lovsyngja han.
3 Eg rosar meg av Herren,
dei hjelpelause gleder seg ¬når dei høyrer det.
4 Lat oss saman lova Herren
og prisa hans store namn!
5 Eg søkte Herren, ¬og han svara meg,
frå alt som skræmde, ¬berga han meg.
6 Sjå opp til han, og strål av glede,
så skal de aldri raudna av skam!
7 Ein stakkar ropa, ¬og Herren gav svar,
han frelste han ¬frå alle trengsler.
8 Herrens engel slår leir
til vern for dei ¬som har age for Herren,
og friar dei ut or fare.
9 Smak og sjå at Herren er god!
Sæl er den som flyr til han.
10 Ottast Herren, ¬de hans heilage folk!
Dei som ottast han, ¬lid inga naud.
11 Unge løver må svelta ¬og lida sakn;
men dei som søkjer Herren,
vantar det aldri noko godt.
*
12 Kom hit og høyr på meg, ¬de born!
Age for Herren ¬vil eg læra dykk.
13 Er det nokon som elskar livet,
som ynskjer seg ¬dagar med lukke?
14 Så hald di tunge ¬frå lygn og slarv
og lippene frå svikefull tale!
15 Sky det vonde, og gjer det gode!
Søk fred, og jag etter han!
16 Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige,
han vender øyra til deira rop.
17 Men Herren vender seg ¬mot dei som gjer vondt,
han vil rydja ut minnet om dei ¬frå jorda.
18 Når dei rettvise ropar, ¬høyrer Herren,
han bergar dei ¬ut or alle trengsler.
19 Herren er nær hjå dei ¬som har eit sundbrote hjarta,
og han frelser dei ¬som har ei knust ånd.
20 Mykje vondt ¬må den rettferdige lida,
men Herren friar han ut or alt.
21 Han tek vare på ¬kvart bein i hans kropp,
så ikkje eitt av dei vert brote.
22 I ulukke misser ¬den gudlause livet,
dei som hatar den rettferdige, ¬må bøta.
23 Men Herren bergar ¬livet åt dei som tener han;
ingen som tyr til han, ¬lid straff.