Salmane 33

Lovsong til Herren, ¬skaparen og styraren

1 Rop av fryd for Herren,

de rettferdige!

Det sømer seg for dei ærlege

å syngja Herrens pris.

2 Lovsyng han til lyre,

og spel på tistrengja harpe!

3 Syng ein ny song for han,

spel fagert og rop av glede!

4 For Herrens ord er sanning,

alt han gjer, kan ein lita på.

5 Han elskar rett og rettferd,

jorda er full av hans miskunn.

6 Ved Herrens ord ¬vart himmelen skapt

og himmelhæren ¬ved ein pust frå hans munn.

7 Han samla havvatnet ¬som i eit kar,

la havsens djup i opplagsrom.

8 For Herren ¬må heile verda ottast,

for han må dei skjelva,

alle som bur på jord.

9 For han tala, og det skjedde,

han baud, og det stod der.

10 Herren bryt dei planar ¬folka legg,

hindrar dei i ¬å fullføra sine tankar.

11 Men Herrens plan ¬står fast for evig,

hans hjartans tankar ¬frå ætt til ætt.

12 Sælt er det folk ¬som har Herren til Gud,

det folk han har valt ¬til sin eigedom!

13 Frå himmelen skodar ¬Herren ned

og ser kvart menneske.

14 Frå sin tronstol held han auga

med alle som bur på jorda,

15 – han som har laga ¬kvar manns hjarta,

og merkjer seg alt det dei gjer.

16 Stor makt gjev ¬ingen konge siger,

stor styrke bergar ¬ingen mann i krig.

17 Hesten er ein svikefull hjelpar,

han bergar ingen ¬med all si kraft.

18 Men Herrens auga kviler på dei

som ottast han ¬og ventar på hans miskunn,

19 så han kan fria dei frå døden

og berga dei ¬gjennom hungersnaud.

20 Vi ventar med lengsle ¬på Herren;

han er vår hjelp og vårt skjold.

21 Vårt hjarta gleder seg i han;

for vi set vår lit ¬til hans heilage namn.

22 Lat di miskunn vera over oss, ¬Herre!

Det er deg vi ventar på.