Salmane 32

Sæl er den som får ¬si misgjerning tilgjeven

1 Av David. Ein læresalme.

Sæl er den

som får si misgjerning tilgjeven

og si synd tildekt!

2 Sælt er det menneske

som Herren ikkje ¬tilreknar skuld,

og som er utan svik i si ånd.

3 Så lenge eg tagde, ¬tærtest eg bort,

eg stunde heile dagen.

4 For dag og natt

låg di hand tungt på meg.

Mi livskraft kvarv

som i sommarens hete.Sela

5 Då sanna eg mi synd for deg

og dulde ikkje mi skuld.

Eg sa: «Eg vil sanna

mine synder for Herren.»

Og du tok bort ¬mi syndeskuld.Sela

6 Difor skal alle trugne

be til deg i trengselstider.

Om det kjem ein veldig flaum,

skal vatnet ikkje nå dei.

7 Hjå deg finn eg livd,

du vernar meg mot trengsle

og lèt frelsesjubel ¬lyda ikring meg.Sela

8 Eg vil læra deg og visa deg

den vegen du skal gå.

Eg vil la mitt auga kvila på deg

og gje deg råd.

9 Ver ikkje lik hest og muldyr,

som ikkje har vit!

I sin villskap må dei tvingast ¬med taum og beisel,

elles kjem dei ikkje til deg.

10 Den gudlause har mange plager;

men den som set si lit ¬til Herren,

kransar han med miskunn.

11 Gled dykk i Herren!

Bryt ut i jubel, de rettferdige!

Ja, rop av fagnad, alle de ærlege!