Salmane 30

Guds nåde varer livet ut

1 Ein salme. Ein song til tempelvigsla.

Av David.

2 Eg lovar og prisar deg, Herre;

for du drog meg opp or djupet,

du lét ikkje mine fiendar ¬triumfera over meg.

3 Herre, min Gud, eg ropa til deg,

og du lækte meg.

4 Herre, frå dødsriket ¬førte du meg opp,

du gav meg liv ¬og berga meg frå grava.

5 Spel for Herren, de hans trugne,

og lovsyng hans heilage namn!

6 Ein augneblink ¬varer hans vreide,

hans nåde varer livet ut.

Om kvelden kjem gråt ¬som gjest,

om morgonen er det gledesong.

7 Eg kjende meg trygg og tenkte:

«Aldri i æve skal eg rikkast!»

8 Herre, i din nåde

sette du meg på fast fjell;

men så løynde du ditt åsyn,

og eg vart gripen av redsle.

9 Då ropa eg til deg, Herre,

inderleg bad eg til min Gud:

10 «Kva gagnar det at eg må døy,

at eg må gå i grav?

Kan vel støvet prisa deg,

kan det forkynna din truskap?

11 Høyr meg, Herre, ¬og ver meg nådig!

Herre, kom meg til hjelp!

12 Du vende mi sorg ¬og mi klage til dans;

du løyste min syrgjebunad

og lét meg bera gledeskrud.

13 Difor vil eg av heile mi sjel

syngja om deg og aldri teia.

Eg takkar deg evig, ¬Herre, min Gud.