Prøv meg, Herre!
1 Av David.
Herre, hjelp meg ¬til min rett!
For eg har vore heil i mi ferd.
Eg lit på Herren ¬og er ikkje ustø.
2 Prøv meg, Herre, ¬gransk meg nøye,
prøv hjarta og nyrer ¬som med eld!
3 Eg har hatt din truskap for auga
og har ferdast i di sanning.
4 Eg sit ikkje saman med svikarar
og held ikkje lag ¬med falske folk.
5 Eg hatar samvære ¬med ugjerningsmenn,
hjå gudlause sit eg ikkje.
6 Eg vaskar mine hender ¬i uskyld.
Eg går ikring ditt altar, Herre,
7 medan eg lèt takkesongen lyda
og fortel om alle dine under.
8 Herre, eg elskar huset du bur i,
staden der din herlegdom ¬held til.
9 Riv meg ikkje bort ¬med syndarar,
så eg misser livet ¬saman med drapsmenn.
10 Deira hender er sulka av udåd,
deira høgre hand ¬er full av muter.
11 Men eg har vore heil i mi ferd.
Fri meg ut og ver meg nådig!
12 No står eg med foten ¬på jamn grunn.
I samlingane vil eg ¬prisa Herren.