Salmane 25

Herre, syn meg dine vegar!

1 Av David.

Herre, eg lyfter mi sjel til deg,

2 eg set mi lit til deg, min Gud.

Lat meg ikkje verta ¬til skammar,

lat ikkje mine fiendar ¬triumfera over meg!

3 Ingen som ventar på deg, ¬vert til skammar;

til skammar vert berre dei

som ber seg trulaust åt ¬– til inga nytte.

4 Herre, syn meg dine vegar,

og lær meg dine stigar!

5 Lat meg få ferdast i di sanning;

lær meg, Gud,

for du er min frelsar!

Eg ventar dagen lang på deg.

6 Kom i hug di miskunn, Herre,

og dine velgjerningar;

for dei er frå evig tid.

7 Kom ikkje i hug ¬min ungdoms synder

og mine misgjerningar!

Kom meg i hug i din truskap, ¬Herre,

for din godhug skuld.

8 God og rettvis er Herren;

difor viser han syndarar vegen.

9 Han leier dei arme ¬til det som er rett,

og lærer dei hjelpelause sin veg.

10 Alle Herrens stigar ¬er miskunn og truskap

mot dei som held hans pakt ¬og hans bod.

11 For ditt namn skuld, Herre,

tilgjev mi synd, for ho er stor!

12 Kvar den ¬som har age for Herren,

lærer av han ¬den veg han skal velja.

13 Han skal alltid ha det godt,

og ætta hans skal arva landet.

14 Herren har fortruleg samfunn

med dei som ottast han,

i pakta med han ¬får dei rettleiing.

15 Eg vender alltid mine augo ¬mot Herren,

for han dreg mine føter ¬ut or garnet.

16 Vend deg til meg ¬og ver meg nådig,

for eg er einsam og i naud.

17 Fri meg frå det ¬som tyngjer mitt hjarta,

og før meg ut or mine trengsler!

18 Tenk på mi naud og mi møde,

og tilgjev alle mine synder!

19 Sjå mine fiendar, ¬kor mange dei er!

Dei hatar meg ¬med eit ofseleg hat.

20 Vern mitt liv og fri meg ut,

lat meg ikkje verta til skammar;

for eg flyr til deg.

21 Lat ærlegdom og rettvise ¬verna meg, Herre;

for eg set mi von til deg!

22 Å, Gud, løys Israel ut

or alle trengsler!