Gjer døra høg!
1 Ein Davids-salme.
Jorda og det som fyller henne,
verda og dei som bur der,
alt høyrer Herren til.
2 For han har grunnlagt henne ¬på hav,
grunnfest henne ¬på strøymande vatn.
3 «Kven kan stiga opp ¬til Herrens fjell,
kven får stå ¬på hans heilage stad?»
4 «Den som har skuldfrie hender
og eit reint hjarta,
den som ikkje fer med svik
og ikkje gjer rang eid,
5 han får velsigning frå Herren
og rettferd frå Gud, sin frelsar.»
6 «Her er det folk ¬som spør etter Herren,
som søkjer ditt åsyn, ¬Jakobs Gud.»Sela
7 «Lyft dykkar hovud, de portar,
ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
så kongen, den herlege, ¬kan dra inn!»
8 «Kven er kongen, den herlege?»
«Det er Herren, ¬sterk og mektig,
Herren, den sterke i strid.»
9 «Lyft dykkar hovud, de portar,
ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
så kongen, den herlege, ¬kan dra inn!»
10 «Kven er kongen, den herlege?»
«Det er Herren, Allhærs Gud.
Han er kongen, ¬den herlege.»Sela