Salmane 23

Herren er min hyrding

1 Ein Davids-salme.

Herren er min hyrding,

det vantar meg ingen ting.

2 Han lèt meg liggja ¬i grøne enger;

han fører meg til vatn ¬der eg finn kvile,

3 og gjev meg ny kraft.

Han leier meg ¬på dei rette stigar

for sitt namn skuld.

4 Om eg så går ¬i dødsskuggens dal,

ottast eg ikkje for noko vondt.

For du er med meg.

Din kjepp og din stav, ¬dei trøystar meg.

5 Du dukar bord åt meg

framfor augo på mine fiendar.

Du salvar mitt hovud med olje;

mitt staup fløder over.

6 Berre godleik og miskunn

skal fylgja meg alle mine dagar,

og eg skal bu i Herrens hus

i lange tider.