Salmane 21

Signing og lukke for kongen

1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2 Herre! Kongen gleder seg ¬over di makt.

Kor høgt han jublar over di hjelp!

3 Du har gjeve han ¬det hans hjarta ynskjer,

og ikkje nekta han ¬det han bed om.Sela

4 Ja, du har møtt han ¬med signing og lukke,

sett ei krone av gull ¬på hans hovud.

5 Han bad deg om liv, ¬og du gav han det,

levedagar som aldri ¬tek ende.

6 Hans ære er stor, ¬fordi du hjelpte han,

høgd og heider ¬har du gjeve han.

7 Du lèt han for alltid ¬verta til signing

og fyller han med glede ¬når du er nær.

8 For kongen set si lit til Herren.

Han står støtt, ¬for Den Høgste er trufast.

9 Di hand skal finna ¬alle dine fiendar,

di høgre skal nå ¬dei som hatar deg.

10 Du lagar eit logande bål av dei

så snart du viser deg.

Herren tyner dei i sin vreide,

elden et dei opp.

11 Du rydjar ut deira born ¬frå jorda,

deira etterkomarar ¬frå manneætta.

12 Når dei legg vonde planar ¬mot deg,

og tenkjer på svik,

skal det ikkje lukkast.

13 For du får dei til å røma

når du siktar på dei med bogen.

14 Reis deg, Herre, i ditt velde!

Med song og spel ¬vil vi prisa ditt storverk.