Guds sol og Guds lov
1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Himmelen forkynner ¬Guds herlegdom,
kvelven fortel ¬kva hans hender har gjort.
3 Den eine dagen ber bod ¬til den andre,
ei natt gjev sin kunnskap ¬til den neste.
4 Det er ikkje tale, ¬det er ikkje ord,
og inga røyst som kan høyrast.
5 Men bodskapen går ¬over heile jorda
og vitnemålet til ¬heimsens ende.
Der har han reist ¬eit telt for sola.
6 Ho går som ein brudgom ¬ut or sitt rom,
glad som ein helt ¬legg ho ut på si ferd.
7 Frå den eine himmelranda ¬går ho ut
og gjer sin rundgang ¬til den andre;
ingen ting er løynd ¬for hennar hete.
*
8 Herrens lov er fullkomen,
ho gjev sjela nye krefter.
Herrens lovbod er å lita på,
det gjer den urøynde vis.
9 Herrens føresegner er rette,
dei gjev glede i hjarta.
Herrens bodord er reint,
det får augo til å stråla.
10 Agen for Herren er rein,
han varer til evig tid.
Herrens domar er sanne,
rettferdige er dei alle.
11 Dei er kostelegare enn gull,
enn fint gull i mengd,
og søtare enn honning
som dryp frå vokskakene.
12 Ja, din tenar tek imot
den rettleiing boda gjev;
å halda dei gjev stor løn.
13 Men kven merkar ¬kor tidt han fer vilt?
Tilgjev meg dei synder ¬eg ikkje veit om!
14 Ja, hald din tenar ¬frå skamlege synder;
lat dei ikkje få makt over meg!
Då kan eg vera heil i mi ferd,
frikjend for store misgjerningar.
15 Ta vel imot dei ord eg talar,
lat mitt hjartans tankar ¬koma fram for deg,
Herre, mitt berg ¬og min utløysar!