Salmane 15

Kven kan gjesta Herrens hus?

1 Ein Davids-salme.

Herre, kven kan gjesta ditt telt,

kven får bu på ditt heilage fjell?

2 Den som gjer rett ¬og er heil i si ferd

og ærleg i tanke og tale,

3 som ikkje brukar ¬si tunge til sladder,

ikkje gjer vondt mot sin neste

og ikkje vanærar sin frende,

4 som ser med vanvørdnad ¬på den som er vraka,

men ærar dei som ottast Herren,

som held den eiden ¬han har svore,

jamvel om det skader han sjølv,

5 som ikkje tek renter ¬når han låner ut pengar,

og ikkje lèt seg kjøpa

til skade for ein skuldfri.

Den som lever så, ¬skal aldri rikkast.