Mennesket utan Gud
1 Til korleiaren. Av David.
Dåren seier i sitt hjarta:
«Det er ingen Gud.»
Vonde og stygge ¬er deira gjerningar,
det finst ikkje ein som gjer godt.
2 Frå himmelen skodar Herren
ned på menneska.
Han vil sjå ¬om det finst nokon vitug,
nokon som søkjer Gud.
3 Alle er komne på avveg,
alle er dei vonde.
Det finst ikkje éin ¬som gjer godt,
ikkje ein einaste.
4 Skjønar dei då ingen ting,
desse ugjerningsmennene?
Dei sluker mitt folk,
som ein et opp brød,
og kallar ikkje på Herren.
5 Men dei skal skjelva av redsle,
for Gud er med ¬den rettferdige ætt.
6 Gjer berre stakkarens plan ¬til skammar!
Hjå Herren finn han livd.
7 Å, gjev det må koma
frelse for Israel frå Sion!
Når Herren vender lagnaden ¬for sitt folk,
skal Jakob jubla ¬og Israel gleda seg.