Salmane 9

Han som hjelper dei hjelpelause

1 Til korleiaren. Etter «Mut labbén».

Ein Davids-salme.

2 Eg vil takka deg, Herre, ¬av heile mitt hjarta

og fortelja om alle dine under.

3 Eg vil gleda og fagna meg i deg

og lovsyngja ditt namn, ¬du Høgste.

4 For mine fiendar drog seg ¬tilbake,

dei snåva og gjekk til grunne ¬for ditt åsyn.

5 Ja, du har ført mi sak ¬og min strid,

har sett deg på trona, ¬du rettvise domar.

6 Du truga folkeslag, ¬gjorde ende på dei vonde

og strauk ut deira namn ¬for evig.

7 Fienden er ferdig, ¬øydelagd for alltid;

folket dreiv du ut or byane,

og ingen minnest dei meir.

8 Herren tronar til evig tid,

han har reist sitt domarsete.

9 Han dømer verda med rettferd,

feller rettvis dom over folkeslag.

10 Herren er ei borg ¬for dei trælka,

ei borg i trengselstider.

11 Dei som kjenner ditt namn, ¬lit på deg,

for du sviktar ikkje dei ¬som søkjer deg, Herre.

12 Syng for Herren, ¬som bur på Sion,

kunngjer hans storverk ¬mellom folka!

13 Han straffar dei ¬som er skuldige i drap,

men tek seg av dei hjelpelause

og gløymer ikkje deira skrik.

14 Ver meg nådig, Herre, ¬og sjå den naud

som mine fiendar ¬har valda meg.

Du fører meg opp ¬frå dødens portar,

15 så eg kan fortelja ¬om alle dine storverk

og jubla over di frelse ¬i Sions portar.

16 Folkeslag sokk ¬i den grava dei grov,

deira føter vart fanga ¬i garnet dei sette.

17 Herren openberra seg ¬og heldt dom;

dei gudlause vart fanga ¬i si eiga gjerning.HiggajonSela

18 Til dødsriket ¬skal dei gudlause fara,

alle folkeslag som gløymer Gud.

19 Men dei fattige ¬vert ikkje gløymde for alltid,

dei hjelpelause ¬er ikkje for evig utan von.

20 Reis deg, Herre!

Lat ikkje menneske få makta,

lat folkeslag få ¬sin dom for ditt åsyn!

21 Set redsle i folka, Herre,

så dei skjønar ¬at dei berre er menneske.Sela