Salmane 7

Fri meg frå alle som jagar meg!

1 Ein klagesalme som David song for Herren på grunn av den meldinga Kusj frå Benjamin hadde kome med.

2 Herre, min Gud, eg flyr til deg.

Frels meg og fri meg ¬frå alle som jagar meg,

3 så dei ikkje, liksom ei løve

riv meg sund og dreg meg bort

– utan at nokon bergar.

4 Herre, min Gud, har eg fare så

at det er urett i mine hender,

5 har eg gjort vondt mot min ven

og rana min motstandar ¬utan grunn,

6 så lat fienden jaga og nå meg,

trakka meg levande til jorda

og kasta mi ære i støvet.Sela

7 Reis deg, Herre, i din vreide,

stå opp mot dei ¬som rasar imot meg!

Vakna, min Gud, ¬du som stemner til doms.

8 Lat skaren av folkeslag ¬samlast ikring deg,

og ta ditt sete høgt over dei!

9 Herre, du som dømer folka,

hjelp meg til min rett,

for eg er rettvis og heil i mi ferd.

10 Gjer ende på vondskapen ¬åt dei gudlause,

men lat den rettferdige ¬verta ståande!

Du som prøver hjarto ¬og nyrer,

du er ein rettferdig Gud.

11 Gud er mitt vernande skjold,

han frelser dei ærlege av hjarta.

12 Gud er ein rettferdig domar,

ein Gud ¬som feller dom kvar dag.

13 Sanneleg, ¬fienden kvesser atter sverdet,

spenner bogen og siktar.

14 Men sjølv vert han råka ¬av dei drepande våpen

og dei brennande piler ¬han steller til.

15 Sjå, han er svanger ¬med vondskap,

har avla udåd og føder svik.

16 Han har grave eit hol ¬og gjort det djupt,

men sjølv fell han ned ¬i den grava han grov.

17 Den udåden han har tenkt ut,

kjem over hans eige hovud,

valdsferda råkar ¬hans eigen skalle.

18 Eg prisar Herren ¬for hans rettferd

og lovsyng namnet åt Herren, ¬Den Høgste.