Salmane 6

Naudrop til Gud

1 Til korleiaren. Med strengespel.

Etter «Den åttande». Ein Davids- salme.

2 Herre, refs meg ikkje ¬i din vreide,

og tukt meg ikkje i din harme!

3 Ver meg nådig, Herre, ¬for eg er kraftlaus.

Læk meg, Herre, ¬eg er djupt forfærd.

4 Mi sjel er gripen av redsle.

Kor lenge, Herre?

5 Herre, vend deg hit ¬og fri meg ut,

frels meg i di miskunn!

6 For ingen av dei døde ¬kjem deg i hug.

Kven prisar vel deg i dødsriket?

7 Eg er trøytt av å sukka,

med tårer væter eg mi lege,

eg græt kvar natt, ¬så senga er våt.

8 Mitt auga er sløvt av bitter sorg

og dimt av all den motstand ¬eg møter.

9 Vik frå meg, ¬alle ugjerningsmenn,

for Herren har høyrt min gråt.

10 Herren høyrde ¬då eg trygla og bad,

han har teke imot mi bøn.

11 Alle mine fiendar ¬skal verta til skammar.

Dei skal gripast av redsle

og brått snu om med skam.