Job 40

1 Då svara Herren Job or stormen:

2 Spenn beltet om livet ¬som ein mann!

Så vil eg spørja deg,

og du skal svara meg.

3 Vil du dra mi rettferd i tvil,

leggja skulda på meg, ¬så du får rett?

4 Har du så sterk ein arm ¬som Gud,

ljomar røysta di som hans?

5 Så pryd deg ¬med høgd og herlegdom,

kled deg med stordom og velde!

6 Lat berre vreiden rasa,

slå alle hovmodige ned ¬med ditt blikk!

7 Ja, sjå på dei stolte ¬og bøy dei i kne,

trø dei gudlause ned på flekken!

8 Gøym dei i jorda, alle i hop,

og steng dei inne i mørkret!

9 Då skal eg òg prisa deg

for sigeren du vann ¬med di høgre hand.

Dei sterkaste dyra som Gud har skapt

10 Sjå elvehesten!

Eg har skapt både han og deg.

Han et gras som ein okse.

11 Sjå for ei kraft han har i hoftene

og for ein styrke i bukmusklane!

12 Han strekkjer ut halen, ¬stiv som ein seder,

og lårsenene er fletta fast.

13 Knokar har han ¬som koparrøyrer

og ei beingrind som jernstenger.

14 Han er det fremste ¬av Guds verk,

skaparen gav han ¬så kvast eit sverd.

15 Fjella gjev han sine gåver,

alle slag villdyr som leikar der.

16 Han kviler under lotusplanter,

i livd av sev og sump.

17 Lotusen gjev tak og skugge,

og piletrea attmed elva

står som eit vern om han.

18 Han rømer ikkje ¬om straumen er strid;

om Jordan fossar mot hans gap, ¬er han trygg.

19 Kven torer gripa han i augo

og dra ei snor ¬gjennom nasen hans?

20 Kan du dra krokodillen opp ¬med krok

og halda tunga hans nede ¬med snøre?

21 Kan du få sett ¬eit sevreip i nasen hans

og stikka ein krok ¬gjennom kjaken?

22 Vil han då be deg audmjukt ¬om nåde

eller tala blidt til deg?

23 Trur du han gjer ein avtale ¬med deg,

så du kan ta han til træl ¬for alltid?

24 Kan du leika med han ¬som med ein fugl

og fanga han ¬til småjentene dine?

25 Kan eit lag av fiskarar selja han

og stykkja han ut ¬mellom kjøpmenn?

26 Kan du spekka hans hud ¬med spyd,

hans hovud med harpunar?

27 Prøv berre å leggja hand på han!

Det vart ein strid ¬som du kom til å minnast;

den tok du ikkje ein gong til!

28 Det du vona, slo ikkje til,

du låg der berre du såg han!