Dei som klagar utan å få svar
1 Elihu tok atter til ords og sa:
2 Du som sa:
«Eg er rettferdigare enn Gud,»
held du det for rett å spørja:
3 «Kva gagnar det meg,
kva hjelper det
at eg lèt vera å synda?»
4 Eg skal gje deg svar,
og venene dine med:
5 Vend augo mot himmelen ¬og sjå,
legg merke til skyene ¬høgt der oppe!
6 Kva gjer det Gud ¬om du syndar?
Alle dine brot, ¬kva skader dei han?
7 Og kva gjev du han ¬om du er rettferdig,
kva kan vel han ta imot frå deg?
8 Din vondskap kjem over ¬dine medmenneske,
berre menneskeborn ¬har gagn av di rettferd.
9 Folk klagar over alle ¬som er harde med dei,
og ropar om hjelp ¬mot mektige menn.
10 Men ingen spør: ¬«Kvar er Gud, min skapar,
han som lèt lovsong lyda ¬om natta,
11 som lærer oss meir enn dyra ¬på marka
og gjer oss klokare
enn fuglane under himmelen?»
12 Då ropar dei utan å få svar
og klagar over hovmodet Œt dei vonde.
13 Nei, det er fåfengt. ¬Gud høyrer dei ikkje,
Den Allmektige ¬ansar ikkje slikt.
14 Jamvel når du seier ¬at du ikkje ser han,
ser han di sak,
og du må venta på han.
15 Men no, ¬når Gud ikkje straffar i vreide
og ikkje bryr seg stort om synda,
16 då opnar Job sin munn ¬til inga nytte
og kjem med mykje uvitug tale.