Elihu tek ordet
1 No heldt dei tre mennene opp med å svara Job, fordi han meinte at han hadde rett.
2 Då vart Elihu brennande harm på Job. Elihu var son til Barakel frå Bus, av Rams-ætta. Han vart harm på Job fordi han meinte at han hadde rett mot Gud.
3 Og han vart arg på dei tre venene, fordi dei ikkje hadde noko å svara og såleis gav Gud urett.
4 Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han.
5 Men då han såg at det ikkje fanst svar i deira munn, vart han brennande harm.
6 Så tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa:
Eg er ung av år, ¬og de er gamle.
Difor var eg redd ¬og heldt meg tilbake,
eg våga ikkje å seia mi meining.
7 Eg tenkte: «Lat alderen tala
og dei mange år ¬forkynna visdom!»
8 Men det er ånda i mennesket
og anden frå Den Allmektige
som gjev det skjøn.
9 Det er ikkje alderen ¬som gjev visdom,
dei gamle veit ikkje alltid ¬kva som er rett.
10 Difor seier eg: Høyr på meg!
Eg òg vil seia mi meining.
11 Eg har venta på ¬at de skulle tala,
og lydt etter vituge ord,
medan de tenkte på ¬kva de skulle seia.
12 Eg gav nøye akt på dykk;
men ingen har vist ¬at Job tek feil,
ingen har svara på hans ord.
13 Sei ikkje: ¬«Vi fann visdom hjå han.
Berre Gud ¬og ikkje noko menneske
kan vinna over han.»
14 Han har ikkje retta sin tale ¬til meg,
eg vil ikkje svara han så som de.
15 Mållause er dei ¬og svarar ikkje meir,
orda sviktar dei heilt.
16 Skal eg venta når dei ikkje talar,
når dei står der ¬og ikkje kan svara?
17 Eg òg har noko på hjarta,
eg òg vil seia mi meining.
18 For eg er full av ord,
ånda i mi bringe driv meg.
19 Mi bringe er lik innestengd vin,
lik nyfylte hiter ¬som held på å rivna.
20 No må eg tala, så eg kan få luft,
eg vil opna lippene ¬og ta til ords.
21 Eg gjer ikkje skil,
vil ikkje smigra eit menneske;
22 for eg skjønar meg ikkje ¬på smiger.
Elles kunne min skapar ¬snart riva meg bort.