Job 29

Å, om eg hadde det som før!

1 Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:

2 Gjev eg hadde det ¬som i farne dagar,

då Gud verna om meg,

3 då hans lampe lyste ¬over mitt hovud,

og eg gjekk gjennom mørkret ¬i hans ljos,

4 som eg hadde det då eg var ung,

då Guds venskap kvilte ¬over mitt telt,

5 då Den Allmektige ¬endå var med meg,

og eg hadde mine søner ¬ikring meg,

6 då eg kunne lauga mine føter ¬i mjølk,

og bekker av olje rann ned ¬frå berget.

7 Når eg gjekk ut til byporten

og tok sete på torget,

8 då drog dei unge seg tilbake

så snart dei fekk auga på meg,

og dei gamle reiste seg og stod.

9 Hovdingar heldt opp med å tala

og la handa på sin munn.

10 Stormenn tagna,

tunga deira hang fast ¬ved ganen.

11 Alle som høyrde om meg,

prisa meg sæl,

og kvar den som såg meg,

gav meg lovord.

12 Eg berga armingen ¬som ropa om hjelp,

den farlause ¬som ingen hjelpar hadde.

13 Forkomne menneske ¬velsigna meg,

eg gjorde enkjer jublande glade.

14 Eg kledde meg i rettferd, ¬ho var min klednad,

rettferdig dom ¬var mi kappe og min turban.

15 Augo var eg for dei blinde

og føter for dei halte.

16 Eg var ein far for dei fattige

og granska saker ¬for folk eg ikkje kjende.

17 Eg knuste kjaken på nidingar

og reiv rovet ut or gapet på dei.

18 Eg tenkte då: «Eg skal få døy ¬i mitt reir,

mine dagar skal verta ¬talrike som sandkorn.

19 Til mine røter ¬skal vatn finna veg,

og dogg skal falla ¬på mine greiner.

20 Støtt skal mi ære fornyast ¬for meg

og bogen få ny kraft ¬i mi hand.»

21 Folk høyrde på meg, dei venta

og var stille når eg gav råd.

22 Og når eg hadde tala,

tok ingen ordet;

min tale draup ned over dei.

23 Dei venta på mine ord ¬som på regn,

dei opna munnen ¬som for vårregn.

24 Var dei motlause, ¬smilte eg til dei;

stråla mitt andlet, ¬var ingen sorgfull.

25 Eg valde veg for dei; ¬eg sat øvst og trona

som ein konge ¬mellom sine stridsmenn,

lik ein som trøystar dei ¬som syrgjer.