Dei gudlause gjer opprør mot ljoset
1 Kvifor har ikkje ¬Den Allmektige
sett av tider til dom?
Kvifor får ikkje dei ¬som kjenner han,
sjå at hans dagar kjem?
2 Dei gudlause ¬flytter merkesteinar,
dei røvar sauer ¬og sender dei på beite.
3 Esla åt farlause driv dei bort,
og oksane åt enkjer ¬tek dei i pant.
4 Fattige tvingar dei ut av vegen,
dei hjelpelause ¬må gøyma seg for dei.
5 Som villesel i øydemarka
går dei til arbeids.
På aude moar ¬leitar dei etter mat;
der må dei finna føde til borna.
6 Dei haustar fôr på marka
og sankar den frukt som er leivd
i vingarden åt dei vonde.
7 Halvnakne ligg dei ute ¬om natta,
utan klede eller teppe i kulden.
8 På fjellet vert dei våte av regn;
fordi dei ikkje har livd,
trykkjer dei seg tett ¬inn til berget.
9 Somme riv farlause born ¬frå brystet
og tek pant av dei hjelpelause.
10 Dei går nakne ikring, ¬dei har ikkje klede,
svoltne må dei bera kornband.
11 Mellom murane pressar dei olje,
tyrste trakkar dei vinpressa.
12 Frå byen høyrest støn ¬av døyande menneske,
og dei som er såra, ¬skrik om hjelp.
Men Gud bryr seg ikkje ¬om deira bøn.
13 Andre gjer opprør mot ljoset.
Dei kjenner ikkje ljosets vegar,
held seg ikkje på ljosets stigar.
14 Før dagen renn, ¬står drapsmannen opp
og slår i hel ein fattig stakkar.
Om natta er tjuven på ferde.
15 Horkaren ventar på skumringa.
Han seier: ¬«Det er ingen som ser meg,»
og så løyner han andletet.
16 I mørkret gjer tjuvane innbrot;
dei stengjer seg inne om dagen,
for dei vil ikkje vita av ljoset.
17 Kolmørkret er for dei ¬som ein morgon,
dei kjenner alt ¬som skræmer i mørkret.
18 Men brått vert dei borte ¬som på vatnet.
Forbanna er deira lut i landet,
ingen tek vegen til vingardane.
19 Turk og hete tek snøvatnet bort,
dødsriket sluker ¬den som syndar.
20 Mor hans gløymer han,
makken godtgjer seg med han,
og ingen minnest han meir.
Vondskapen knekkjest som ¬eit tre.
21 Han var hard med kvinner ¬som ikkje fekk born,
og gjorde ikkje vel mot enkjer.
22 Men Gud riv bort sterke menn ¬med si kraft;
når han reiser seg, ¬er ingen trygg for sitt liv.
23 Han gjer dei trygge ¬og gjev dei støtte,
men augo hans ¬vaktar deira ferd.
24 Dei når høgt for ei tid, ¬men så er det slutt;
dei bøyest ned og rykkjest opp ¬som alle andre,
som mogne aks ¬vert dei avskorne.
25 Er det ikkje så?
Kan nokon seia at eg lyg
og gjera mitt ord om inkje?