Korleis kan eg finna han?
1 Då tok Job til ords og sa:
2 Ja, i dag må eg klaga sårt.
Tungt ligg hans hand på meg ¬når eg sukkar.
3 Å, visste eg berre
korleis eg kunne finna han
og koma fram ¬for hans kongsstol.
4 Då la eg fram for han mi sak
og fylte min munn ¬med gode grunnar.
5 Då fekk eg vita ¬kva han ville svara,
og skjøna ¬kva han ville seia meg.
6 Ville han strida mot meg ¬med si store makt?
Å nei, han ville nok høyra ¬på meg.
7 Så drøfte eg ærleg mi sak ¬med han
og berga min rett for alltid.
8 Men går eg mot aust, ¬så er han ikkje der,
og mot vest, ¬så merkar eg han ikkje.
9 Går eg mot nord, ¬ser eg ikkje kva han gjer,
snur eg mot sør, ¬får eg ikkje auga på han.
10 Han kjenner den vegen eg går;
som gull ¬skulle eg stå hans prøve.
11 Eg fylgde støtt i hans fotefar
og heldt meg trufast ¬på hans veg.
12 Eg veik ikkje av ¬frå dei bod han gav,
men gøymde hans ord ¬i min barm.
13 Han er alltid den same ¬– kven kan hindra han?
Det han har hug til, ¬det gjer han.
14 Han fullfører det ¬han har fastsett for meg,
og mykje slikt har han i tankar.
15 Difor gruar eg for å møta han;
når eg tenkjer på han, ¬må eg skjelva.
16 Gud har gjort meg motlaus,
Den Allmektige ¬har skræmt meg.
17 Men mørkret ¬har ikkje tynt meg,
endå det skumrar ikring meg.